Hausvik FK

Kampvert

Kampvert

Kampverten si hovudoppgåva er å syta for at kampen vert ei god oppleving for spelarane.

Å spela kamp er eit høgdepunkt for både store og små! Hausvik FK arbeider for at kampane skal ha trygge rammer som gjev gode opplevingar for alle involverte – både spelarar, trenarar, foreldre og dommarar.

Kampverten har ei sentral rolle på heimekampar og er klubben sitt ansikt utad i kampsamanheng. Oppgåva som kampvert vert gjort på omgang av foreldra.

Kampverten sine oppgåver:

Før kampen

  • Sjekka at garderobar, bane og mål er i orden
  • Ynskja velkomen til begge lag og dommar
  • Oppmoda tilskodarane om å stå på motsatt side av laga og godt utanfor sidelinja.
  • Bistå heimelaget sin trenar i å gjennomføra Fair play- møtet
  • Bistå i å organisere Fair play-helsing før kampstart
  • Ha kunnskap om kvar klubben sin hjartestartar er og ha telefon tilgjengeleg.

Under kampen

  • Støtte dommaren og sjå til at reaksjonar mot dommar er rimelege
  • Prate med dommar i pausen
  • Oppmoda til gode og positive tilrop frå foreldre, og ta kontakt om nokon går over streken
  • Sjå til at alle tilskodarar held seg to meter unna sidelina
  • Oppmoda til positivitet frå trenarar/lagleiarar, både mot spelarar og dommarar

Etter kampen

  • Bistå i å organisere Fair play-helsing
  • Takker begge lag og dommar for kampen
  • Sjå til at det vert rydda rundt bana etter kampslutt

Hausvik Fotballklubb, Postboks 15, 5299 HAUS, org.nr.: 883810872

www.hausvikfk.no --- post@hausvikfk.no

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift